Informasjon om vegadresse prosjektet

Tildeling av vegadresser i Selje kommune
Kommunestyret vedtok i møte 14.09.2017 sak 63/17, at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile kommunen. Det er mange og store fordelar med presise adresser, både ved utrykking, distribusjon og også anna offentleg og privat tenesteyting.

 

Kort om kommande prosjektarbeid med tildeling av vegadresser:
• Plan og utvikling (PUT) vil utføre det administrative arbeidet. Reidar Sandviknes er prosjektleiar.
• Planutvalet og kommunestyret gjer nødvendige vedtak undervegs.
• Det er valt ei namnenemnd som skal vere rådgjevande organ i arbeidet.
• Høyring: Før kommunestyret gjer endeleg vedtak, vert forslaga om vegparseller (adresseparseller) og adresser lagt ut til offenteleg høyring.

Arbeidsgangen:
• Inndeling av adresseparsellar: PUT/Namnenemnda lagar eit forslag om korleis vegnettet skal delast inn, dvs. kvar  vegen skal starte og slutte i høve namnet den får.
Kartverket er samarbeidspart her. Forslag til adresseparsellar vert lagt ut på heimesida.
• PUT/namnenemnda startar arbeidet med namneforslag til parsellane. Norsk språkråd er samarbeidspart i dette arbeidet.
• Medverknad: Privatpersonar/bygdelag kan allereie no og heilt fram til offenteleg høyring, komme med namneforslag på vegar. Vi ser gjerne at forslaga er knytt til  lokale stadnamn, kulturhistoriske hendingar og liknande. Forslaga vi får inn, vert ein del av grunnlaget i arbeidet med tilrådingane til politisk handsaming før utlegging til offenteleg ettersyn. Under det offentelege ettersynet, kan innbyggjarane komme med skriftelege merknader til forslaga, før endeleg vedtak i kommunestyret.

Innspel no og seinare kan sendast til post@selje.kommune.no, eller sendast i brevpost til Selje kommune, 6740 Selje. Merk med referanse: 17/616.

 

Valt namnenemnd er: John Leikanger, Marita Aarvik, Terje Ødegård, Veronica Hatlenes, Sigbjørn Hjelle.
Vara: Henrik Aaland, Hanne Marie Utvær

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 22.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering