Breibandsutbygging - status juli 2019

strømkabel.jpg - Klikk for stort bilete Fiberutbygging i kommunane skjer i hovudsak på to måtar. 1. Kommersielle leverandørar bygger ut for eiga rekning utan tilskot og 2. Bygging med tilskot. Alle andre plassar i kommunen.

Fiberutbygging i kommunane skjer i hovudsak på to måtar.

Vedlegg til status juli 2019 (DOCX, 15 kB)

1. Kommersielle leverandørar bygger ut for eiga rekning utan tilskot.

Dette skjer berre på dei plassane der leverandørane meiner det er nok kundar til at dette er økonomisk forsvarleg. Dette er /vert gjort i Selje sentrum og på Leikanger. Leverandørar her er  Telenor og Enivest. Selje kommune er ikke involvert i desse utbyggingane, med unnatak av graveløyve etc.

2. Bygging med tilskot. Alle andre plassar i kommunen.

Dagens praksis er at kommunen  sender søknad om støtte til breibandutbygging til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen gjer så ei kvalitetssikring og prioritering og gjev eventuelt tilleggsløyving frå eiga støtteordning før dei sender søknaden vidare til Norsk kommunikasjons-myndighet (Nkom). Fylkeskommunen vert prosjekteigar og ansvarleg ovanfor Nkom.

Selje kommune har prosjektleiinga. Utbyggar som vinn anbodet får eit tilskot for å byggje ut breiband i det utlyste området. Utbyggar får eigedomsrett til nettet og ansvar for drift og tenesteleveransar i 15-20 år framover. 

Kostnadsfordelinga er om lag slik:

33 % - Nkom (statleg støtte)

33 % - Lokal finansiering – Kommunen, fylkeskommunen, husstandane med ekstra etableringstilskot (kr. 5000) og eventuell dugnad.

33 % - Utbyggar – eigendel til leverandør som får anbodet

I dag har vi fylgjande utbyggingar etter punkt 2.

  • Berge – Moldefjorden – Salt- Rundereim: Ferdigstilling sommar 2019.  Etterbestilling med Enivest tlf. 57 00 91 00
  • Dalskaret – Ervik- Årvik- Honningsvåg: Ferdigstilling hausten 2019. Etterbestilling med Enivest tlf. 57 00 91 00
  • Nordpollen - Flister- Venøy- Barmen – Liset :  Kontrakt juni 2019.  Forventa ferdigstilling 01.06.2020.
  • Kjøde –Årsheim – Fløde: Kjøde - Årsheim har fått tilsagn om 1,8 mill i tilskot.  Planlagd anbodsinnhenting november /desember  2019. Byggestart i 2020.  Av budsjettmessige - og praktiske årsaker vert Fløde med på denne anbodsrunden.
  • Drage, Hoddevik, Skårbø, Eltvik, Røyset: Søknad 2020
  • Sjå elles vedlegg over alle utbyggingane. 
Sist endra 02.07.2019
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering