Kosthald

Sunt kosthald gir god helse

Fotograf:
Frukt og grønt fotograf

Kosthaldet er det ein enklast kan gjere noko med! Alle treng vi næring. Ved å endre våre spisevaner kan ein enkelt forbetre helsa si. Kosthald er med på å påverke risikoen for folkesjukdommane som vi har i dag. Eksemplar er diabetes, enkelte kreftformar og hjerte- og karlidelse. Ved å spise meir grønsaker og frukt, og minke inntaket tå metta fett, vil risikoen for hjerteinfarkt reduserast. Det er aldri for seint å endre på sitt kosthald og det er ikkje mykje som skal til for å få betre helse.

I Noreg er det gjort ulike tiltak innafor kosthald. Det er blitt redusert salt, sukker og metta feittinnhald i matvarer. Helsedirektoratet rådar alle til å spise meir grønsaker, frukt, bær, fisk, grove kornprodukta og redusere mengda tå rødt kjøtt, bearbeida kjøtt og sukker og salt.

Tips til eit sunnare kosthald:

•-         spise variert

•-         kjøpe varar med det grøne og kvite nøkkelhullsmerket

•-         spise fem om dagen (tre grønsaker og to frukt)

•-         vel grove kornprodukt

Link til kosthaldsråd i frå Helsedirektoratet

 
Publisert av Linn Mari Lyngvær. Sist endra 18.06.2012
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering