Psykisk helse

Behandling tå psykiske lidinga aukar i Noreg.

hender

Psykisk helse er minst like viktig som den fysiske helsa vår. Ei psykisk liding kan vere fobi, angst, depresjon eller schizofreni. Disse lidingane påverkar våre tankar, atferd, følelsar og omgang med dei rundt oss. Ein kan skille mellom psykiske lidingar og psykiske plager. Ei liding er noko som ein kan sette diagnose på, mens plager er ein tilstand som er belastande for vedkommande. I Noreg er dei vanligaste lidingane angst og depresjon. Forsking vise at kvinner rammes i større grad av psykisk sjukdom enn menn.

Risikoen for å få psykiske lidinga er mindre dersom ein blant anna har ei trygg barndom, god sosial støtte, god sjølvfølelse og gode mestringserfaringar. Dersom ein er isolert, einsam, arbeidsledig over lengre tid eller oppleve noko traumatisk, kan risikoen for psykiske lidinga auke. Beskyttelsesfaktorar er viktig for dei som oppleve noko traumatisk eller har problem i heimen. God sosial støtte kan vere med på å meistre situasjonen betre enn viss ein ikkje har nokon hjelpande personar rundt seg. Det er også viktig å nemne at fysisk aktivitet og eit sunt kosthald er med på å gje ei god psykisk helse.

God psykisk helse gjer:

God sjølvfølelse

Godt sjølvbilde

Betre humør

Betre mestringsevne

Overskott i kvardagen

Meir informasjon om psykisk helse

 
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering