Tiårsjubiléum for Venner av Selja kloster -- og folkemøte om Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad

Blå Sunniva - Klikk for stort bilete Venner av Selja kloster vart skipa 23. februar 2005 og har lagt 10 aktive år bak seg. Årsmøtet i år er lagt til 22. mars, og her vil ein markere 10-årsjubileet med å by inn til folkemøte inkludert ein liten kulturfest.

"Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad" er under etablering, og vennelaget vil nytte høvet til å gje bygdefolket informasjon om planane for denne viktige satsinga i kommunen. Det blir orienteringar om planane, og høve til å kome med innspel og synspunkt. Både Selja og Stad er viktige "fyrtårn" som det nå skal fokuserast endå meir på, for å få til utvikling og verdiskaping i regionen. "Livet, Legenda, Lyset & Landskapet" er fire L-ar og stikkord for det ein kan oppleve på Selja og på Stad, både på kropp og sjel.

På kulturfesten 22. mars vil Ragna Sofie Grung Moe, seniorrådgjevar for kultur i Bjørgvin bispedøme, gi oss eit fengande kåseri med tittelen "Ei bergensarinne sitt møte med Sankta Sunniva og Selja." Dei ortodokse nonnene og munkane som no er etablerte i eigne kloster i Valldal og i Selje, vil fortelje om tankane og planane sine, og dei har også musikalske innslag. Dessutan stiller Bjørn Jensen nok ein gong opp og gir av si musikkglede.

Vennelaget håpar at mange vil nytte dette høvet til å gjere seg kjende både med venelaget sitt arbeid og med viktige utviklingsprosjekt som no er på gang i Selje.

Venner av Selja kloster har grunn til å vere stolte av sine initiativ. Laget har m. a. stått bak oppføringa av Sankta Sunniva-statua som har blitt ein flott attraksjon i Selje. Det gamle kommunehuset fekk vennelaget låne av kommunen i 2014, og eit stort dugnadsarbeid gjorde at ein i sommarsesongen kunne presentere utstillingar og aktivitet i heile ti rom i huset. No har kommunestyret vedteke at det gamle kommunehuset vil gå inn som kommunen sitt bidrag i den nye stiftinga som er på gang. Av årsmeldinga kan ein m.a. lese om vennelaget sine engasjement innan kystpilegrimsleia, reiselivs- og pilegrimssatsing og tilstellingar i eigen regi. Laget har eiga heimeside, www.seljavenner.no og facebooksida Seljavenner .

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 16.03.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering