Tid for å klippe hekken

Klipp hekken - Stavanger kommune.jpg - Klikk for stort bilete Første skuledag er måndag 20. august og vi vil at barna skal ha trygg skuleveg. Sjekk om hekken din veks ut i fortau eller skjuler dei små rundt hjørnet. Finn fram saksa og få hekken klippet og klart til skulestart!

Oppskrift på hekkeklipp frå Statens vegvesen

KORT FORTALT:
Busker og trær på din eiendom må ikkje vakse ut over fortau og veg.
Før skulestart er det ekstra viktig at du har klippa hekken.
Ved kryss og andre stadar der sikt er viktig, skal hekk og busk ikkje vere høgare enn ein halv meter.

Hageavfallet kan leverast på gjenbruksstasjonen tysdagar 15.30 - 20.00 og torsdagar frå 12.00 - 15.30


Kommunen sine hekker og busker
Sjølv om vi gjere vårt beste for å feie for eiga dør (klippe eigen hekk), hender det at kommunen sjølv må minnast på at vegetasjonen langs vegar og fortau må klippes.


Du kan melde frå om dette til post@selje.kommune.no

Nokon gongar er vegetasjonen langs vegen Statens vegvesen sitt ansvar. Då sender vi varselet vidare til dei.

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 15.08.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering