Tilskotsordning til bygg og anlegg

illustrasjon sprint.jpg - Klikk for stort bilete Kommunestyret set av 100 000 kroner frå disposisjonsfondet som skal gå til tilskot til lag og organisasjonar i kommunen. Søknadsfristen er 1. oktober 2018.

Midlane skal brukast til bygg og anlegg som vert drifta av frivillige lag og organisasjonar som ikkje fell under kriteriane for tildeling av kulturmidlar. Tildelinga blir gjort av formannskapet og søknadsfristen er satt til 1. oktober 2018.

Søknad om midlar kan du sende til post@selje.kommune.no eller per post.
Merk med referanse: 18/6 - tilskot til bygg og anlegg.

Vi bed om at søknaden inneheld kva midlane skal brukast til og litt generell informasjon om lag/organisasjonen.

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.07.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering