Tilskotsordning til klima- og miljøtiltak

miljø - treet.jpg - Klikk for stort bilete

Tilskotsordninga frå Sogn og Fjordane fylkeskommune er styrka med 2 millionar kroner. Det vert gitt tilskot til gode prosjekt og tiltak innanfor klima og miljø. Du kan søkje elektronisk gjennom reginalforvaltning.no og neste søknadsfrist er 15.oktober.

Meir informasjon kan du lese på fylkeskommunen sin heimeside

Regional plan for klimaomstilling

Kriterium og krav til søknad

Søknadar innan klima og miljø må bidra til å følgje opp måla og tiltaka i Regional plan for klimaomstilling og bidra til at Sogn og Fjordane skal klimaomstille seg.

Du kan søkje om støtte til prosjekt:
•som bidreg til ei styrka satsing på klimatiltak og klimaomstilling i fylket
•som støttar opp under regionale planar og mål
•som har god kvalitet, og der søkjar har god gjennomføringsevne
•der tilskotet har utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet

Fylkeskommunen legg vekt på miljøprofil, klimaomstilling og berekraft ved tildeling av midlar. Prosjekt som dekker fleire kommunar eller heile fylket vil bli prioritert. Prosjekta må kunne dele av erfaringane sine til andre likande prosjekt.

Tilskotet kan dekke kostnader direkte knytte til realisering av prosjektet. Tilskotet kan ikkje dekke drift av næringsverksemd eller organisasjonar. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er normalt 50 prosent.
 

Søknadsfristar

Søknadane vert handsama fire gonger i året. Det kan vere lurt å vere ute i god tid før fristen i fall du må levere meir informasjon før søknaden kan handsamast.

Søknadsfristane er:
•15. januar
•15. april
•15. august
•15. oktober

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 27.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering