"Treffpunkt" Frivillig i Stad 03.09.2019

treffpunkt.jpg - Klikk for stort bilete Korleis søke spelemidlar og andre tilskot til ditt lag?

Tysdag 3. september inviterer Stad kommune til samling for lag og organisasjonar som ønskjer oppdatert kunnskap om korleis søkje midlar til å byggje idretts- og nærmiljøanlegg, oppgradere leikeareal og modernisere kulturbygg/forsamlingslokale m.m.

Vi stiller med knallgode innleiarar og mat, og håpar mange vil vere med oss denne tysdagskvelden.

Stad kommune har som mål å rigge eit sterkt fellesskap mellom de som driv frivillig arbeid og gjer tunge dugnadsløft i heile Nordfjord. Gjennom å bli kjende og dele kunnskap kan vi lettare løfte oss i lag!

Målgruppe: Tillitsvalde i idrettslag, friluftsorganisasjonar, frivillige organisasjonar som driv forsamlingshus/grendahus, FAU ved skular og andre interesserte. Arrangementet er ope for deltakarar frå heile Nordfjord.


Kom å bli med oss på ein lærerik tysdagskveld.

Meld deg på her

Sist endra 29.08.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering