Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Turistinformasjonen

Sunnivahuset  - Klikk for stort bileteSunnivahuset

Telefon: +47 40446011

E-post: turistinfo@selje.kommune.no

Klosterbåten: +47 99046022

SELJE TURISTINFORMASJON I SUNNIVAHUSET ER NO VINTERSTENGT ; Turistkontoret fungerar denne perioda i samband med Biblioteket i Selje. 

Kontaktinfo: Tlf. +47 40446011, e-post: turistinfo@selje.kommune.no

Selje kommune v/Servicekontoret tlf. 57858500, e-post: post@selje.kommune.no.

KLOSTERBÅTEN sine avgangar til Selja og klosteranlegget sesongen 2017: 06.05. - 11.06. / 14.08. - 30.09. laurdag og søndag kl 12:00, 12.06. - 13.08. dagleg kl. 10:00 og kl. 13:15. Ekstraturar utanom dei faste avgongane i sesongen kan avtalast/bestillast på e-post: turistinfo@selje.kommune.no eller tlf. +47 40446011.

Prisar 2017: Faste avgangar med Klosterbåten "Selja" t/r Selje-Klostervågen kr 275,-/120,- inkl. guiding i klosteranlegget. Ekstraturar: Minstepris (under 10 pers.) kr 2.100,-, eller etter avtale. Ekstra t/r Selje-Bø med "Sunniva" kr 600,-. Billettar kjøpast på turistinformasjonen.

Rutetilbodet elles Selje - Bø på Seljeøya - sjå ruteplan her! Selje Turistinformasjon formidlar gjerne info til besøkande i kommunen med omsyn til guidetenester, om overnatting, aktivitetar og attraksjonar i kommunen og omegn. Vi formidlar og turistbrosjyrer på diverse språk.

I butikken i Sunnivahuset vil vi i sommarsesongen ha sal av diverse lokalt handverk, bøker, souvenirar og postkort, og vi kan ta oss av sal av billettar til konsertar, turar o.l.

Turistinformasjonen har i hovudsesongen
 tilsyn med sanitæranlegg og innkrevjing av hamneavgift i gjestehamna. 

Følg gjerne Turistinformasjon på facebook.
 

 

 

Selje kommune har utleige av kajakk, terrengsyklar, rulleski, lavo m.m

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 06.01.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering