TV-aksjonen 20. oktober 2019

TV-aksjonen - Klikk for stort bilete

Tenk deg at du ble født som kvinne i eit av verdas fattigaste land, eller at du vart reve ut av ei trygg tilværelse og skulle overleve omgjeve av krig eller konflikt. Kva moglegheiter har du til å skape eit godt liv for deg sjølv? Og dersom du har barn – kva framtid kan dei få?

Skilnadane i verda er enorme, og det er som oftast kvinne som rammast hardast av urett. Dei får sjeldnare gå på skule, har færre rettar enn menn, mindre sjanse til å få seg ei inntekt og blir oftare utsatt for vald i heimen, på arbeidsplassen og i samfunnet elles. Dei blir frårøva moglegheiter.

I CARE ser vi kvar dag kva konsekvensar dette får. Samstundes ser vi at kvinnene vi jobbar med oppnår fantastiske resultat med små midlar. Vi skal gje kvinner moglegheita til å jobbe, spare og låne, delta i samfunnet og bestemme over sin eigen kropp. Moglegheiter endrar liv.

Med TV-aksjonen kan 400 000 kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder skape eit betre liv for seg og sine. Likestilling er ikkje berre eit mål i seg sjølv – det er også effektiv fattigdomsbekjempelse. Derfor er det hennar tur no. 

20. oktober er det TV-aksjonen for Care Norge. Selje sin kommunekomité består av Gerd Endal i Selje sanitetsforeining, Magnhild Sjåstad Kongsvoll og Hildegunn Hagen i Kjærringa husflidlag. Frå Selje kommune er Jan Vidar Smenes og Stein Robert Osdal representert.

No starter vi planlegginga og det største arbeidet er å skaffe nok bøsseberarar. Ynskjer du å hjelpe til, meld deg som bøsseberar på  https://blimed.no/boessebaerer/ eller ring Selje kommune på 57858500.

Sist endra 04.09.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering