TV-aksjonen 2019 - CARE

TV-aksjonen.jpg - Klikk for stort bilete 20. oktober er det TV-aksjonen 2019 og årets aksjon går til CARE.

I kveld er det innsamlingskonsert i Leikanger kyrkje klokka 19 med kollekt til inntekt for Tv-aksjonen.

Medverkande: Frisk bris med dirigent Unni Bosnes Eltvik og Stadlandet gospelkor med dirigent Guni Reed, Marita Nybakk, Per Stave, Jon Inge Sigerland m.fl.

Apell ved Sylvi Olsson.

Ta turen på konsert i kveld og ta vel imot bøssebærerne 20. oktober!  

 

CARE er ein politisk og religiøst nøytral hjelpeorganisasjon som jobbar for å redde liv, bekjempe fattigdom og oppnå sosial rettferd. TV-aksjonen skal gje kvinner moglegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og bli høyrt.

CARE vart etablert i 1945 av amerikanske organisasjonar, CARE Norge vart oppretta i 1980.

CARE si viktigaste metode for å bekjempe fattigdom på, er spare- og lånegrupper. Dette er ein form for mikrofinans som vart utvikla av CARE for 25 år sidan, og som no brukast av også andre organisasjonar over heile verda. Gruppene gjev fattige mennesker moglegheiter til å endre livet sitt og samfunnet dei bur i gjennom eigen innsats. I tillegg til å jobbe for varig endring, gjev CARE livsviktig nødhjelp til mennesker som rammast av naturkatastrofer og konflikter.

 

Sist endra 16.10.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering