Unik tomt til sals på Vestkapp

vestkapp.jpg - Klikk for stort bilete Selje kommune si tomt på Vestkapp er til sals.
Tomta ligg på den nordvestlege delen av Stadhalvøya med spektakulær panoramautsikt og store moglegheiter. Foto: Mads Jonsson
Sjå fullstendig annonse

tomt vestkapp.jpg - Klikk for stort bilete Tomta ligg på fjellplatået Kjerringa, også kjend som Vestkapp, med spektakulær utsikt rett i havet. Platået ligg på den nordvestlege delen av Stadhalvøya i vakre Selje kommune. Tek ein turen hit vil ein kunne oppleve flate vidder, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt til mellom anna Sunnmørsalpane i aust og Hornelen i sør.

Selje kommune har gjort vedtak om at tomta skal seljast med ein klausul om at det innan 2 år etter at det er signert kontrakt, skal vere oppstarta etablering i samsvar med gjeldande reguleringsbestemmingar.

Matrikkelinformasjon
Kommunenr: 1441
Gårdsnr: 35
Bruksnr: 32

For meir informasjon om Kjerringa og Nordfjord, sjå heimesida "Nordfjord - Alt i ein fjord": https://www.nordfjord.no/sjaa-og-gjere/vestkapp-p836273

Sjå dronevideo av området der tomta ligg, på Selje kommune si Facebook-side: https://www.facebook.com/468510029837222/videos/1787759194578959/?hc_ref=ARREmtqOXq7a8cqxk6AsmtVpi9C_dWoHDj1t0QmgbPSnIZNKcRbwiH_OZk47eaV4p00&fref=nf



 

Sist endra 22.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering