Utspyling av Selje Vassverk

    - Klikk for stort bilete Mandag 5. og tirsdag 6. mai vert det frå kl 08.00 og utover dagen/kvelden føreteke utspyling av vassleidningsnettet i Selje.

Medan utspylinga pågår må abonnentane rekne med varierande vasstrykk og noko "grumsete" vatn. Høgtliggande abonnentar kan også i periodar bli utan vatn. "Grumsete" vatn kan også førekomme i dei næraste dagane etter utspylinga. Dersom dette vedvarer, ta kontakt med vassverket: 57 85 85 00.

Abonnentane vert elles oppmoda om å spyle sine private leidningar og reinse silar/ventilar, etter at utsypylinga er ferdig. 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering