Utspyling av vassleidningsnettet i Selje

    - Klikk for stort bilete

 

Onsdag 3. juni og torsdag 4. juni vert det frå kl. 0800 og utover dagen / kvelden, føreteke utspyling av vassleidningsnettet i Selje.

Medan utspylinga pågår må abonnentane rekne med varierande vasstrykk og noko «grumsete» vatn. Høgtliggande abonnentar kan også i periodar bli utan vatn.

«Grumsete» vatn kan også førekomme i dei næraste dagane etter utspylinga.

Dersom dette vedvarer, ta kontakt med vassverket på tlf. 57 85 85 00.

Abonnentane vert elles oppmoda om å spyle sine private leidningar og reinse silar/ventilar, etter at utspylinga er ferdig.

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 01.06.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering