Uttale frå formannskapet i Selje

Vindmøller - Klikk for stort bilete Formannskapet i Selje søkte den 14.08.19 NVE om utsett klagefrist på eit vedtak i NVE datert 16.06.19.

Vedtaket gjeld ei planendring for Okla vindpark. NVE svarte på denne søknaden fredag den 16.08.19, søknaden om utsatt frist vil ikkje verte innfridd.

Om Selje Kommune skal klage på vedtaket så måtte det gjerast innan tidsfristen 19.08.19. Formannskapet i Selje vel å ikkje påklage NVE sitt vedtak. Vedtaket i formannskapet 14.08 søkte om utsatt frist og ikkje ein klausul om å klage på vedtaket.

Årsaken til Formannskapet sin strategi er grunna at NVE i sitt tilsvar klargjer at klagen kun vil gjelde den endra Miljø-, transport og anleggsplanen. Ein klage vil ikkje rokke ved sjølve konsesjonen, ei heller den opprinneleg godkjende planen med 6 vindturbinar. Når endringa no gjev eit redusert antall vindturbinar til 5, det vil seie ein vindturbin mindre enn opprinneleg godkjend, finn ikkje formannskapet det klokt å klage på denne planen.

Saka om innbyggjerinitiativ vert handsama på vanleg måte i kommunestyre sitt møte 9.oktober i år.

Sist endra 20.08.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering