Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Våg å vere kjip!

Marte Sletten - Klikk for stort bilete Kommunen vår er ein AV-OG-TIL-kommune, dermed er vi ekstra opptekne av alkoholførebygging og haldningsskapande arbeid. Kommunestyret får i dag, 9.mai besøk av Marte Sletten frå alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL som vil halde orientering om samarbeidet.

Derfor vil vi no, saman med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, setje søkjelyset på den nokre gonger kjipe jobben med å vere tenåringsforelder.

Forsking viser at i familiar der dei har klare reglar om alkohol, drikk tenåringen mindre og meir forsiktig. Eit godt råd er derfor å snakke med tenåringen om alkohol og ha klare reglar. Det handlar kort og godt om å vere både kjip og kjærleg i møte med barna våre.

Det er lettare sagt enn gjort, men saman står vi sterkare. Derfor har AV-OG-TIL laga ein nettressurs som kan brukast på foreldremøte: http://kjipeforeldre.no/ressurser/

Dersom du vil lese meir om temaet, få innspel til korleis du sjølv kan prate med tenåringen din om alkohol, eller rett og slett sjekke om du er ein kjip nok forelder sjølv, kan du gå inn på http://kjipeforeldre.no/.

Gjennom samarbeidet med AV-OG-TIL jobbar Selje kommune målretta med alkoholførebygging for å skape godt alkovett mellom oss. Vil du vite meir om AV-OG-TIL? Gå inn på http://avogtil.no.Illustrasjon til nettartikkel - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 09.05.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering