Vågsøy får truleg driftssenteret
Rådmannsgruppa i Nordfjord vedtok på møtet 28. september i år einstemmig å tilrå etablering av det felles IKT-driftssenteret i Vågsøy kommune. Vågsøy kommune sitt tilbod er vurdert som å ha den beste tekniske løysinga og er også den økonomisk mest fordelaktige for Nordfjordkommunane. I tillegg til Vågsøy, som samarbeider med Eid kommune om sitt tilbod, var også Gloppen, Hornindal og Stryn interesserte i å ha driftssenteret.
Dei sju kommunestyra i Nordfjord har tidlegare gjort likelydande vedtak om at det skal etablerast eit felles IKT-driftssenter i Nordfjord og at det skal gjennomførast ein intern konkurranse mellom kommunane om kvar dette senteret skal lokaliserast.
Den tilbydde og tilrådde løysinga går på å etablere datarommet i kommunehuset i Vågsøy med reserverom i kommunehuset på Eid. Kontorlokala er lagt til Domsteinbygget i Vågsøy.
Rådmennene ønskjer å organisere driftssenteret etter vertskommunemodellen, jfr kommunelova § 28-1b.
Saka går no til endeleg politisk avgjerd i dei sju kommunane.
Kontaktpersonar er: Frank Westad, leiar rådmannsgruppa Geir Liavåg Strand, administrativ leiar Kommunenett Nordfjord Grandavegen 9, 6823 Sandane Tlf 951 91 753
Publisert av
Svein Barmen.
Sist endra 08.10.2012
|