Vann 10 000 i returlotteriet.

Hilde Vederhus - Klikk for stort bilete

Heidi Alice Vederhus frå Flatraket vann nyleg 10 000 kroner fordi ho deltok i Returkartonglotteriet. Dette lotteriet er knytt opp til  gjenvinning av drikkekartongar.

Innsamla drikkekartongar går til gjenvinning av nye papp og papirprodukter. Å  gjenvinne brukte kartongar er  langt mindre energikrevjande enn produksjon av papir frå nytt trevirke. Derfor er gevinsten stor for miljøet når folk sorterer og leverer inn kartongar, seier dagleg leiar i Nordfjord Miljøverk, Svein Ottar Sandal

 NoMil trekkjer kvart kvartal ut innsamla kartongar og desse deltek i eit nasjonalt lotteri. Heidi Alice Vederhus har over lang tid gjort denne gjenvinningsjobben og endeleg fekk ho lønn for arbeidet. Ho seier at dette er ein praktisk og grei måte å handtere drikkekartongar på, ein plass må vi jo gjere av dei likevel, og kvifor ikkje då få dei inn i ei god gjenvinningsordning og så at på til få 10 000 kroner. Det syns ho er topp.

Kvart år vert det i Noreg  delt ut premiar for til saman 1,6 mill kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på 10 000 kroner og 4 premiar på 100 000 kroner.  Det ein skal gjere er å skylle og brette seks tomme drikkekartongar og legg desse i ein sjuande kartong, skriv namnet sitt, adresse og telefonnummer utanpå kartongen og legge den i eit plastnett i papirbeholdaren. Ein kan også skrive namn på andre enn seg sjølve eller organisasjonar ein vil skal vere med i trekninga.

Svein Ottar Sandal som er dagleg leiar i NoMil seier at det i NoMil-kommunane har vore mange som har fått premie. Vi har hatt ein to til  tre kvart år og det viser at mange er med på ordninga. I Norge har vi eit forbruk på omlag 700 millionar drikkekartongar pr år

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 15.01.2016
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering