Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Varsel om reguleringsendring

Med dette vert det varsla om oppstart med reguleringsendring samsvar med Plan- og Bygningslova § 12.8. for eigedomane 56/244 56/273 og 56/109 i Selje.

 

Bakgrunnen er at Dragebygg A/S som utbyggar av bustadprosjektet Selje Panorama, der byggesteg 1 på 56/244 er realisert har gjort avtale om kjøp av vestre/nedre del av eigedomen 56/109 med tanke på å realisere byggesteg 3 på denne tomta. Endringa vil og gå ut på å endre vegtilkomst og garasjar for 2. byggesteg i forhold til det som er søkt om rammeløyve til på eigedomen 56/273 slik at berre 4 av bustadane (dei øvste etasjen) vil få innkøyring og parkering frå øvre veg (frå aust).

Det er utarbeid ein illustrasjonsplan (vedlagt) som viser korleis utbygginga er tenkt. Byggesteg 2 vil få 8 bueiningar, og byggesteg 3 truleg 5. Gjeldande reguleringsplan seier maks 12 bustader i byggesteg 2.

Synspunkt og merknader skal fremjast skriftleg innan tysdag 3.10.2017 til:

Dragebygg AS, 6750 Stadlandet v/Heming Drage, e-post: heming@dragebygg.no

Eller:

Sivilarkitekt mnal Magne Bergseth Havågvegen 52 6068 Eiksund, e-post: magne@havberg.no

Selje panorama reguleringsendring. (PDF, 282 kB)

Selje panorama illustrasjonsplan. (PDF, 434 kB)

Sist endra 06.09.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering