Velkomen til open dag på brannstasjonen 20. oktober 2018

brannbil.png - Klikk for stort bilete Laurdag 20. oktober frå kl 10-14 kan du besøkje brannstasjonen på Stadlandet. Du får lære meir om brann og brannvern, sjå på brannbilane og delta i rebusløp. Dette blir lærerikt og spennande for alle!

"Brannvernuka" er ein landsomfattande informasjonskampanje som arrangerast av Norsk brannvernforening med fleire. Heilt sidan 2002 har dei hatt glede av å invitere små og store brannvernere til open dag på brannstasjonar lander rundt og 20. oktober er det brannstasjonen på Stadlandet sin tur.

Det er ikkje tilfeldig at "brannvernuka" arrangerast om hausten. Då går vi inn i den årstida der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar kraftig. Folk treng ein påminning om brannsikkerheit før vi skrur på varme og lys, tenner levande lys og fyrar i omnen. Om det skulle byrja å brenne, gjeld det å gjere dei riktige tinga raskt og i riktig rekkefølgje.

Velkomen til open dag!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 09.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering