Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Vi er klare, er du? Opprett di digitale postkasse no!

digipost.jpg.jpg - Klikk for stort bilete

Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.

Selje kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane.

Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!

Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:
• Det er tryggare enn all anna postgang.
• Det er gratis å bruke.
• Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder.
• Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
• Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.


Kva treng du for å opprette ein digital postkasse?
Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil.


Korleis får du digital postkasse?
Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post.

Opprett Digipost

Opprett e-Boks


Treng du hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 85 85 00, eller e-post: post@selje.kommune.no 

Vi hjelper deg gjerne.

Alt du treng å vite om digital postkasse finn du på norge.no

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 08.12.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering