Vil du vere støttekontakt?

illustrasjonsbilde hender.jpg - Klikk for stort bilete Heimetenesta på Stadlandet har ledig fire støttekontakt-oppdrag. Les her for meir informasjon om oppdraga. 

Støttekontakt

Oppdraga gjeld støttekontakt til vaksne personar, som treng følgje for å kome seg til butikken, fritids-aktivitetar, ulike arrangement og på tur.

Vi krev ingen formell kompetanse.

Vi søkjer deg som er:

  • Stabil og ansvars-bevisst

  • Engasjert

  • Godt humør

  • Sjølvstendig

  • Har sertifikat klasse.B

  • Ikkje allergisk mot katt/hund/sigarettrøyk

Støttekontaktar vert engasjerte som oppdragstakar i Selje kommune.
Lønn som assistent etter dokumenterte arbeidstimar.

Gyldig politiattest må leggjast fram.

Søknad sendast til tenesteleiar Åshild Bruland.
ashild.bruland@selje.kommune.no / 979 90 462

 

Søknadsfrist 1. august.

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.07.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering