Ynskjer du å lære deg å spele eit instrument? Teikne? Danse?

Kulturskulen 2019 - Klikk for stort bilete

 Kulturskulen i Eid/Selje har tilbod innanfor dei fleste felt av utøvande kulturuttrykk, frå rockeband til klassisk ballett. Lærarane våre er høgare utdanna utøvarar/pedagogar eller har lang relevant praksis, og kan såleis undervise elevar på
alle nivå.

I løpet av eit kulturskuleår vil eleven få:

  • 20 minutts økter 1 til 1 med lærar (musikk), eller minimum ein times økt i gruppe (dans, kunst), pr. veke.
  • Vi har jamleg småskala elevkonsertar der eleven får øve seg på å opptre
  • Fleire gongar i året har vi større konsertar i Operahuset Nordfjord eller på Gymmen Scene. Danseelevar har danseshow éin gong i året og kunstelevar set opp utstillingar.
  • Vi blir også ofte spurt om å ha elevar på speleoppdrag for kommune, næringsliv, eller frivillige organisasjonar.
  • Vi meiner samspel er viktig, og set ofte saman elevar på ulike instrument på våre konsertar.
  • Vi gjer også prosjekt i samarbeid med grunnskulen. I mars 2020 set vi opp musikal i Operahuset i samarbeid med Eid Ungdomsskule for å nemne eit slikt stort event.

 

Høyres dette kjekt ut? Send oss då ein søknad her: https://noeid.speedadmin.dk/tilmelding#/
Utfyllande informasjon om dei ulike tilboda kan ein finne på søknadssida.

Pr. i dag tilbyr vi undervisning i Selje kommune i song, piano og gitar. Det er ledige plassar på alle desse faga, så om du har lyst å kome i gang straks er det berre å sende ein søknad så snart som råd.  

NB! De kan sjølvsagt søke på alle tilbod i kulturskulen, men vi gjer merksam på at ein del tilbod, som dans, kunst og fiolin, førebels er stadbundne innanfor Eid kommune.

Flyer til utskrift (PDF, 442 kB)

Sist endra 02.09.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering